Majorstuen: Juledrøm (Vinjesalen) - Vest-Telemark.no

Majorstuen: Juledrøm (Vinjesalen)

Vinjesalen

Konserten og plata Juledrøm vart til sommaren 2006. Med solsteiken inn stovevindauga mana folkemusikkensemblet Majorstuen fram julestemninga. Deira fem favorittfolkesongarar hadde overlevert sine favorittjulesongar ifrå folkesongtradisjonane sine, og felekameratane leika fram arrangement og nye innfallsvinklar på dei gamle tonane.

Elleve tradisjonelle og ein nyskriven julesong har sidan vore reisefylgje for Majorstuen i mang ein desember månad. Og mange lyttarar hevdar at nettopp plata Juledrøm må til for å lokke fram julestemninga.

Det Spellemannpris-nominerte albumet famnar om det lystige og skjemtete så vel som det høgtidelege og ettertenksomme, nett som jula også rommar mange ulike stemningar. Prosjektet er også ei motvekt mot den kommersialiserte jula, og ei hyllest av den folkelege julesongtradisjonen.

I Rauland vil ensemblet invitere med seg studentar frå USN og elevar frå kulturskulane i Telemark som solistar og medmusikarar. Det er duka for ei heilt spesiell konsertoppleving!

Organiserast av Folkemusikkscena på Rauland

Kart over Vinjesalen

Kontaktinformasjon

Tlf: 35 95 29 00
E-post: laura.e.ellestad@usn.no

Heimeside: https://www.facebook.com/events/471547976964184/