Lars-Ingar Meyer Fjeld & Mads Kuraas i Årestoga - Vest-Telemark.no Lars-Ingar Meyer Fjeld & Mads Kuraas i Årestoga - Vest-Telemark.no

Lars-Ingar Meyer Fjeld & Mads Kuraas i Årestoga

Årestoga

Folkemusikkscena på Rauland opnar haustsesongen med solid solospel levert av to av dagens ypparste unge spelemenn.

Lars-Ingar kjem frå Sandefjord og spelar hardingfele i telemarkstradisjon. Han har fått pallplass på Landskappleiken dei 4 åra han har vore i A-klassa, og har med det etablert seg i toppsjiktet blant kappleiksutøvarar. I 2016 gav han ut soloplata Hardingfele som blei nominert til Spelemannprisen.

Mads Kuraas er felespelar frå Røros. Han har studert folkemusikk både ved USN Rauland og Ole Bull Akademiet, og har skrive mastergrad i tradisjonskunst med fokus på spellemenn i Brekkentradisjonen. Han er A-klassespelemann og musikalsk leiar i Glåmos spelemannslag. Vinteren 2019 kom han ut med sin fyrste solo-CD, Ljø.

Kart over Årestoga

Kontaktinformasjon

Tlf: 35 95 29 00
E-post: laura.e.ellestad@usn.no

E-post: laura.e.ellestad@usn.no

Heimeside: https://www.facebook.com/events/379189606124126/