Jolemarknad på Telemarkstunet - Vest-Telemark.no

Jolemarknad på Telemarkstunet

Raulandsakademiet

Fire helger fram mot jul er det Jolemarknad på Telemarkstunet. Først ut er helga 23 - 24 november. Her er kva du kan finne på årets første jolemarknadshelg:

- Kafe i Gardsjordstoga med servering av risengrynsgraut, sveler, gløgg mm, samt sal av kling (laurdag)
- Eldhuset sel ferske steinomsbaka brød og boller.
- Låven med sal av handlaga kvallitetsprodukt.
- Loftet, Mona Haugen med strikkevarer og Bodil Akselvoll med ungarske handverksprodukt.
- Dåm Sjokolade v/ Åsne Kvåli (laurdag)
- Julia Hartmann med julekrybber og julepynt i tre.
-Konsert med Mira Dickey i Årestoga laurdag kl. 14.00
- Rauland Historielag med presentasjon av Årsskriftet i Årestoga søndag kl. 14.00

Me håpar mange vil ta turen og besøke Telemarkstunet. Her finn de mykje fint til jul!
Me gledar oss, velkommen!

Organiserast av Raulandsakademeit

Alle datoar

Laurdag 23. november – søndag 24. november:
Laurdag, søndag: 11.00 – 16.00

Kart over Raulandsakademiet

Kontaktinformasjon

Tlf: 35073292
E-post: post@raulandsakademiet.no

Heimeside: http://www.raulandsakademiet.no