Øyfjell kyrkje 14.desember kl 19

"Jol m.m." - konsert med Kjetil Flatland og Helge Wahl Flatland

Øyfjell kyrkje

Med sine to albumutgjevingar har mange bitt seg merke i Telemarkingen Kjetil Flatland. «Jeg har umiddelbart fått meg en ny favoritt», seier Tor Hammerø i Nettavisen, og Nrk P1 trillar terningkast 5 i «Under lupen» for albumet «Hyttetankar». Kjetil Flatlands filosofiske og livanskuande viser – ofte med naturen som kulisse – appellerer til fleire generasjonar, og eit stadig aukande publikum får øyrene opp for songaren og saksofonisten frå Seljord.
Hans mangeårige makker Helge Wahl Flatland er ein anerkjent musikar, og ein virtuos på piano. I Øyfjell kyrkje laurdag 14.desember kl 19 serverer Flatlandkarane kjente og kjære julesongar ispedd folketonar og eigenkomponert musikk i ei perle av ein konsert, som med rette blir kalt «Jol m.m.». Me håpar mange nyttar høvet til å få med seg dette – velkomen!

Vaksne: 200,-. Born/student: 150,-. Billettar i døra. Me tek Vipps og kontant.

Barn: 150,00
Voksen: 200,00

Kontaktinformasjon

Vinje kyrkjelege fellesråd
Tlf: 48146275
E-post: kfmusikk@gmail.com
Heimeside: http://www.kjetilflatland.no

Kart over Øyfjell kyrkje