Ottar Kaasa
© Halvor Ulvenes

Fjeld/Buen Garnås/Kåsa

Vinjehuset

«Lars Ingar Meyer Fjeld, Per Anders Buen Garnås og Ottar Kåsa er i dag tre av dei fremste hardingfelespelemennene i landet. Dei er alle busette i Bø, og dei representerer alle Telemarks-tradisjonen – på kvart sitt vis. Denne tradisjonen er svært rik på slåttetilfang frå langt tilbake.

Men det vi ikkje høyrer om like ofte, er at det har blitt laga nye slåttar til alle tider, like fram til vår tid. Mange spelemenn har utvida repertoaret ved å komponere eigne slåttar, og dei slåttane som er laga i seinare år, kjenner vi ofte opphavet til. Spelemenn som Torkjell Haugerud, Johannes Dahle, Eivind Groven med fleire laga slåttar som har blitt tatt i bruk av andre og som har gått inn i speltradisjonen.

Det er dette yngre slåtterepertoaret av namngitte komponistar som er tema for konserten med tittelen Slåttar siste sytti år. Lars Ingar, Per Anders og Ottar har gjort utvalet, og dei vil også ta med slåttar dei sjølv har laga.»

Medverkande:
Lars Ingar Meyer Fjeld – hardingfele
Per Anders Buen Garnås – hardingfele
Ottar Kåsa – hardingfele

Kart over Vinjehuset

Kontaktinformasjon

Tlf: 95897895
E-post: smk@vinje.kommune.no

Tlf: 95897895
E-post: smk@vinje.kommune.no

Heimeside: http://Telemarkfestivalen.no