Filigransarbeidaren Aanund E.Brekke - Vest-Telemark.no

Filigransarbeidaren Aanund E.Brekke

Øyfjellvegen 809, Vinje

Aanund E. Brekke 1874-1913 var ein av våre fremste sylvsmedar. Sjølv titulerte han seg gjerne som filigransarbeider, og det var trådarbeid og draktsylv som var hovudproduksjonen. Han gjekk i lære hjå onkelen Halvor Vehus og hjå Thor T. Grindrud i Lunde, og arbeidde seg snart opp eit anerkjend namn. Aanund var den fyrste i Øyfjell med sykkel, og med den trakka han rundt i Vest-Telemark og bygde seg opp ein stor kundekrins. Brekke-sylvet er kjend for det fine og nøyaktige trådarbeidet, og han utvikla også nye modellar. Hans arbeid levde vidare gjennom lærlingar som Eivind G.Tveiten og Aasmund O. Nordstoga.

Alle datoar

Tysdag 25. juni – torsdag 15. august:
Laurdag, søndag: 11.00 – 17.00

Kart over Øyfjellvegen 809, Vinje

Kontaktinformasjon