Tore Kvæven

Diktar og bibliotek

Biblioteket i Åmot

To flotte foredrag om dikting og diktaren

Stein Arnold Hevrøy – Lesing og bruk av Olav H. Hauges dikting
Dikta til Ulvikjen Olav H. Hauge (1908-1994) er brukt til mykje, til dømes i Norsk salmebok, i EF og EU-striden, og til det å takke av arbeidstakarar som går inn i pensjonistane sine rekker. For å forstå kvifor det er slik må ein lese dikta. I foredraget vil konservator ved Olav H. Hauge-senteret i Ulvik ta for seg nokre sider ved utviklinga i Hauges forfattarskap ved å lese enkeltdikt og snakke om bruken av dei, men også trekke fram dikt som fortener meir merksemd.

Tore Kvæven – Når landet mørknar
Tore Kvæven sin siste roman "Når landet mørknar" har, med rette hausta strålande meldingar frå eit samla kritikarkorps. I november 2018 blei han løna med den prestisjetunge litteraturprisen for skjønnlitteratur, Brageprisen.
Tore Kvæven er romanforfattar og sauebonde frå Sirdal. Han debuterte i 2011 med spenningsromanen "Hard er mitt lands lov", som han hadde brukt tjuge år på å skrive. Boka handlar om vikingtokt til Afrika. I 2018 kom "Når landet mørknar" som handlar om den norrøne busettinga på Grønland på slutten av 1200-talet.

Servering av kaffi og kringle.
Samarbeid mellom Vinje-senteret, Vinje folkeakademi, Vinje bibliotek og Olav H. Hauge-senteret

Kart over Biblioteket i Åmot

Kontaktinformasjon

Tlf: 95897895
E-post: smk@vinje.kommune.no

Heimeside: http://vinjesenter.no