På grunn av koronaviruset og smittefare vil mange arrangement bli avlyst framover. Dette vil ikkje nødvendigvis gå tydeleg fram i kalenderen på www.vest-telemark.no. Sjekk med arrangør dersom du lurar på om eit arrangement er avlyst eller ikkje.

Cos-p foreldreveiledningskurs AVLYST!

Åmot helsestasjon

Helsestasjonen i Vinje inviterar foreldre med born fødd i 2018, 2019 og 2020 til kurs i trygghetssirkelen (Circle of security-parenting, Cos-p)
Alle foreldre ynskjer å gje barna sine eit best mogleg utgangspunkt for livet når dei ein gong skal klare seg sjølv. Vegen dit kan vera lang – det er krevjande å vera forelder. Dei fleste foreldre møter til tider seg sjølv i døra, og seier eller gjer ting som ikkje samsvarer med dei ynskja dei har. COS-P er eit foreldreveiledningsprogram som gjev deg verktøy du treng for å bli betre til å glede deg over dei gode situasjonane og handtere dei vanskelege
Kurset er på Åmot helsestasjon og går over 6 gonger. Gjennom kurset ser me på ein dvd med foreldre og barn, og drøftar det me ser. Kurset er gratis og passar for alle foreldre.
Kursdatoar: Onsdag 25.03.20 kl 17.30-19.15 Tysdag 31.03.20 kl 17.30-19.15 Tysdag 07.04.20 kl 17.30-19.15 (om de kan)
Tysdag 14.04.20 kl 17.30-19.15
Tysdag 21.04.20 kl 17.30-19.15
Tysdag 28.04.20 kl 17.30-19.15

Påmelding innan 23.03 til:
Jordmor Helene Mølster Byggland 40907794 eller helsesjukepleiar Tove Haugen 91719034

Alle datoar

Onsdag 25. mars – laurdag 25. april:
Kvar onsdag: 16.30

Kontaktinformasjon

Helsestasjonen i Vinje
Tlf: 91719034
E-post: tove.haugen@vinje.kommune.no

Kart over Åmot helsestasjon