VÅREVINDEN - Vest-Telemark.no

VÅREVINDEN

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, Høydalsmo

Med CD-utgjevinga «Vårevinden» (2018) opna Ragnhild Furholt Trio dørene til den blomstrande folkesongen på Agder. I dette landskapet kling dei velkjende balladane «Rosensfolen» og «Nøkken», men også nystev, alvorstunge salmar, glade og triste kjærleiksviser, barneregler og ikkje minst eit vakkert brureslag frå Ragnhild sin heimekommune Songdalen, «Når vårevinden suser».

 

I konserten syng Ragnhild saman med eit ensemble som set farge på dei små løyndomane i musikken og tekstane i den vest-egdske folkesongen. Vokalen klingar side om side med sekkepiper, trøorgel, klarinett, meråkerklarinett, langeleik, hardingfele og munnharpe, gitar og kalimba.

 

Velkomen til ein haustkonsert med intens vårlengsel!

 

Medverkande:

Ragnhild Furholt – vokal

Anders Erik Røine –  gitar, langeleik, hardingfele og munnharpe 

Elisabeth Vatn – trøorgel, klarinett, meråkerklarinett og kalimba

Inngang kr. 200,-, årskort halv pris
Museum og kafe har ope frå kl. 11

Kart over Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, Høydalsmo

Kontaktinformasjon

Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no