Temporærutstillinga "Red River girl" i Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Temporærutstillinga "Red River girl" i Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Temporærutstillinga "Red River girl" i Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Temporærutstillinga "Red River girl" i Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no

Temporærutstillinga "Red River girl" i Eidsborg 2020

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, Høydalsmo

Historia om busettinga ved Buffalo River – heilt nord i Minnesota, ikkje langt frå dobbelbyen Fargo/Moorhead – er legendarisk heilt sidan 1909, då Torkel Oftelie omtala ho i første utgåve av Telesoga. Sentral i denne forteljinga står familien Geitestad (seinare Thortvedt) frå Fyresdal som utvandra til Midtvesten i 1861. Etter nesten 10 år i Houston County starta dei det legendariske Red River Trek – ei pionérvandring til dei ubygde slettene mellom Red River og Buffalo River, der dei slo seg ned i 1870. Historia er dokumentert av kunstnaren Orabel Thortvedt (1896-1983) gjennom tallause måleri, teikningar og utklippsbøker. Det er dette materialet historia blir fortalt gjennom, både i utstillinga og som ei praktbok.

Til opninga 3.mai 2020 kjem arkivar Mark Peihl frå Historical and Cultural Society of Clay County i Moorhead MN for å fortelje om både familien, utviklinga av Buffalo River Settlement og kunsten til Orabel.

 

For opningstider sjå https://www.visittelemark.no/vest-telemark-museum/informasjon/product-catch-all/vest-telemark-museum-eidsborg-p515293

Alle datoar

Fredag 1. mai – tysdag 15. september:
Alle dagar:

Kontaktinformasjon


Tlf: 35069090

Kart over Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, Høydalsmo