Plukkeband
© Anne Vesaas

Temporærutstilling i Eidsborg 2019 - "Bunadsband"

Vest-Telemark museum

Årets særutstilling 2019 er bunadsband eller plukkeband. Dette var ein viktig del av folkedraktene og no bunaden, og denne tradisjonen finn me i så å seie alle landsdelar. Men kunnskapen er spreidd og sårbar. Medan det var eit stort mangfald i mønster og fargar tidlegare, er mykje i ferd med å bli einsretta og standardisert sidan det vert meir og meir fabrikkvovne band.
???Før låg desse banda under disken i forretningane, medan dei handvovne låg på disken. No er ofte dei fabrikkvovne banda på disken, og det vert ikkje alltid opplyst om kva det er. Kunnskapen om banda er truga, og Noregs Husflidslag har sett bunadsbanda på raudlista for truga handverk. 

I samarbeid med Sigrunn Lie Brattekås og Eli Vesaas har me laga ei utstilling om bunadsbanda.

Alle datoar

Onsdag 1. mai – fredag 14. juni:
Alle dagar: 11.00 – 17.00

Laurdag 15. juni – torsdag 15. august:
Alle dagar: 10.00 – 18.00

Fredag 16. august – laurdag 31. august:
Alle dagar: 11.00 – 17.00

Søndag 1. september – måndag 30. september:
Laurdag, søndag: 11.00 – 17.00

Kart over Vest-Telemark museum

Kontaktinformasjon

Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no