Soria Moria drop-in onsdag - Vest-Telemark.no
© Dag Jenssen
Soria Moria drop-in onsdag - Vest-Telemark.no Soria Moria drop-in onsdag - Vest-Telemark.no Soria Moria drop-in onsdag - Vest-Telemark.no

Soria Moria drop-in onsdag

Soria Moria Sauna

Soria Moria drop-in badstoge kvar onsdag kl. 15.00-21.00. Du treng ikkje booke til drop-in, då møter du berre opp ved badstoga. Badstoga har plass til maks 15 personar. Pris kr. 50,- pr. pers til Vippsnummer 550539. Om du ikkje har Vipps kan du betale med kort i resepsjonen på kommunehuset eller turistkontoret før stengetid, eller legge kontakter i nøkkelpostkassa nede ved badstoga. 

For øvrig booking av Soria Moria, sjå bookingkalenderen vår

Parkering på p-plass til venstre ved friområde i Markensvegen, og så går du ned til badstoga (200 m)  Sjå kartet her 

Nyt varmen og utsikten, skriv deg gjerne inn i gjesteboka og del gjerne bileta med oss på sosiale media med #soriamoria #visitdalen

Nokre reglar for bruk:

Ha på badetøy og bruk handkle på benken.

Ha med godt med drikkevatn, vatnet i krana i badstoga er ikkje drikkevatn. 

Badesandalar kan vere lurt å ha med, i tillegg til ei badekåpe. 

Omkledningsrom finn du til høgre for badstoga, det er ikkje låsbart så oppbevaring av verdisaker er på eige ansvar.

Det er ikkje toalett eller dusj i bygget. Bruk sanitæranlegget på Tangane ved p-plass der du går ned til badstoga, ca 200 meter unna. 

Born under 16 år må ha med seg ein vaksen på drop-in onsdagar.

Alkohol er ikkje tillate.

All bruk av saunen er på eige ansvar

All bading i Bandak er på eige ansvar.

Bruk stigen til å komme deg ned og opp av vatnet.

Ikkje bruk glass i badstoga, pappkrus eller anna er fint.

Rydd opp etter deg og ta med søppelet.  

Kos deg! 

For spørsmål, kontakt oss på tlf. 99246647 eller info@visitdalen.com. For øvrig booking av Soria Moria, sjå bookingkaldenderen vår

 

Alle datoar

Onsdag 16. januar – onsdag 25. desember:
Kvar onsdag: 15.00 – 21.00

Kontaktinformasjon


Tlf: +47 99246647
E-post: info@visitdalen.com

Kart over Soria Moria Sauna