På grunn av koronaviruset og smittefare vil mange arrangement bli avlyst framover. Dette vil ikkje nødvendigvis gå tydeleg fram i kalenderen på www.vest-telemark.no. Sjekk med arrangør dersom du lurar på om eit arrangement er avlyst eller ikkje.

Rallardagen 2020 - Vest-Telemark.no Rallardagen 2020 - Vest-Telemark.no

Rallardagen 2020

Åmdals Verk Gruver

I over 30 år har Rallardagen på Åmdals Verk blitt arrangert i den flotte Gruveparken. Gruveparken vart i si tid anlagt av John Daw, direktør ved Åmdals Verk gruver på 1870-80 talet. Parken omkransa den vakre Direktørbolign.

Denne dagen vil me heidre gruvearbeidarane og familien deira. I kvardag og fest, helg og høgtid vil me få innblikk i livet deira. Dei hadde ikkje meir enn det høgst nødvendige, men var rike på samhald, solidaritet og omsorg for kvarandre. Dei såg «det store i det små». Sjølv om arbeidsdagen var både lang og hard, var det alltid tid til latter, spel og song, kortspel og ein svingom.

Kontaktinformasjon


Tlf: +47 35 06 90 90
E-post: post@vtm.no
Heimeside: http://www.vtm.no

Kart over Åmdals Verk Gruver