Opningsarrangement Vest-Telemark museum Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Opningsarrangement Vest-Telemark museum Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Opningsarrangement Vest-Telemark museum Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Opningsarrangement Vest-Telemark museum Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Opningsarrangement Vest-Telemark museum Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Opningsarrangement Vest-Telemark museum Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Opningsarrangement Vest-Telemark museum Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no Opningsarrangement Vest-Telemark museum Eidsborg 2020 - Vest-Telemark.no

Opningsarrangement Vest-Telemark museum Eidsborg 2020

Vest-Telemark Museum Eidsborg

13.00: Velkommen til sesongopning ved direktør Dag Rorgemoen

13.10: Presentasjon av Red River Girl-prosjektet ved formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein

13.15: Orabel Thortvedt, Red River Trek og Buffalo River Settlement - ved arkivar Mark Peihl (Historical and Cultural Society of Clay County HCSCC, Moorhead MN, USA)

13.50: Musikkinnslag

14.00: Om dei andre nye utstillingane, ved Tilman og Dag

               -Knivutstillinga 2020

               -Draumkvedet

               -Lårdalsprosjektet

14.20: Musikalsk avrunding

14.30: Omvising i Red River Girl-utstillinga ved arkivarane Mark Peihl og Lene Teigland Kleivi, i Draumkvedet-utstillinga ved Tilman Hartenstein

 

Årets temporære utstilling:

RED RIVER GIRL – From Telemark to the Buffalo. The scrapbooks of Orabel Thortvedt

Historia om busettinga ved Buffalo River – heilt nord i Minnesota, ikkje langt frå dobbelbyen Fargo/Moorhead – er legendarisk heilt sidan 1909, då Torkel Oftelie omtala ho i første utgåve av Telesoga. Sentral i denne forteljinga står familien Geitestad (seinare Thortvedt) frå Fyresdal som utvandra til Midtvesten i 1861. Etter nesten 10 år i Houston County starta dei det legendariske Red River Trek – ei pionérvandring til dei ubygde slettene mellom Red River og Buffalo River, der dei slo seg ned i 1870. Historia er dokumentert av kunstnaren Orabel Thortvedt (1896-1983) gjennom tallause måleri, teikningar og utklippsbøker. Det er dette materialet historia blir fortalt gjennom, både i utstillinga og som ei praktbok.

Til opninga kjem arkivar Mark Peihl frå Historical and Cultural Society of Clay County i Moorhead MN for å fortelje om både familien, utviklinga av Buffalo River Settlement og kunsten til Orabel.

 

Årets nyvinning i den permanente utstillinga:
DRAUMKVEDET

Den gåtefulle mellomalderballaden om Olav Åsteson («som heve sove så lengje») blei oppdaga i Vest-Telemark i andre halvdel av 1800-talet, i ein radius på ca. 50 km kring Eidsborg stavkyrkje. Ingen veit kor gamal songen er, men ein trur han kan ha oppstått i tida kring Svartedauden (1349). I utstillinga fortel me korleis balladen blei oppdaga og teke imot i eit Noreg på veg mot sjølvstende. Ein kan høyre den mest komplette versjonen til Maren Ramskeid frå Brunkeberg (ca. 1840) sunge av både Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes, og inne i eit spesiallaga lytterom kan ein oppleve Olav sin draum i moderne lyddrakt – gjennom eit lydverk av komponisten Natasha Barrett. Verket blei forresten framført for første gong i Eidsborg stavkyrkje 5. januar i år.

 

Årets vidareutvikling av den eksisterande utstillinga:

INDUSTRIBYGDA LÅRDAL

VTM driv eit lengre dokumentasjonsprosjekt kring «solbygda» Lårdal og industri-eventyret som starta på 1890-talet og tok slutt i år 2000. Laurdal Uldspinderi var ei av dei fyrste bedrifter som oppstod mellom Lårdalsåi som gav vasskraft, og Telemarkskanalen som sikra transport ut og inn. Ein stor motorisert vevstol, ein Jaquard-vev og anna inventar frå spinneriet har vore vist i folkekunstutstillinga ei stund. Museet vil byggje ut forteljinga om industribygda Lårdal i åra som kjem, og i fyrste omgang vil ein få sjå fleire plansjar med historiske bilete og opplysingar, og tekstilprøver frå spinneriet.

 

Årets vesle kunstperle:

REIDAR FRITZVOLD 100 ÅR

Ei av dei store samlingane ved VTM er Fellandsamlinga. Den inneheld mykje kunst, blant anna ei rekkje måleri av Reidar Fritzvold (1920-1998) som hadde vore 100 år i år. Han debuterte under krigen og utmerka seg med fine miljøskildringar, i brytinga mellom romantisk og realistisk stil. Fritzvold var del av kunstnarmiljøet i Holmsbu (som også Henrik Sørensen høyrde til) og måla mykje motiv frå arbeids- og byliv, men også mange landskap, då i flotte fargestemningar. I Fellandrommet rett ved museets foajé kan du sjå eit utval av hans verk.

 

Og som alltid:

NY KNIVUTSTILLING

Kvart år presenterer VTM ei eiga knivutstilling med både innlånte objekt og kniv frå eiga samling. Tema for årets utstilling er ikkje stadfest enno, men uansett blir det spanande for dei knivinteressera!

 

Velkomen til årets museumstilstelling i Vest-Telemark!

 

Inngang: vanleg museumsbillett (årskort halv pris)

Kontaktinformasjon


Tlf: 35069090

Kart over Vest-Telemark Museum Eidsborg