Nye faste utstillingar i Eidsborg sommaren 2020 - Vest-Telemark.no Nye faste utstillingar i Eidsborg sommaren 2020 - Vest-Telemark.no Nye faste utstillingar i Eidsborg sommaren 2020 - Vest-Telemark.no Nye faste utstillingar i Eidsborg sommaren 2020 - Vest-Telemark.no

Nye faste utstillingar i Eidsborg sommaren 2020

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, Høydalsmo

Årets nyvinning i den permanente utstillinga:
DRAUMKVEDET

Den gåtefulle mellomalderballaden om Olav Åsteson («som heve sove så lengje») blei oppdaga i Vest-Telemark i andre halvdel av 1800-talet, i ein radius på ca. 50 km kring Eidsborg stavkyrkje. Ingen veit kor gamal songen er, men ein trur han kan ha oppstått i tida kring Svartedauden (1349). I utstillinga fortel me korleis balladen blei oppdaga og teke imot i eit Noreg på veg mot sjølvstende. Ein kan høyre den mest komplette versjonen til Maren Ramskeid frå Brunkeberg (ca. 1840) sunge av både Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes, og inne i eit spesiallaga lytterom kan ein oppleve Olav sin draum i moderne lyddrakt – gjennom eit lydverk av komponisten Natasha Barrett. Verket blei forresten framført for første gong i Eidsborg stavkyrkje 5. januar i år.

 

Årets vidareutvikling av den eksisterande utstillinga:

INDUSTRIBYGDA LÅRDAL

VTM driv eit lengre dokumentasjonsprosjekt kring «solbygda» Lårdal og industri-eventyret som starta på 1890-talet og tok slutt i år 2000. Laurdal Uldspinderi var ei av dei fyrste bedrifter som oppstod mellom Lårdalsåi som gav vasskraft, og Telemarkskanalen som sikra transport ut og inn. Ein stor motorisert vevstol, ein Jaquard-vev og anna inventar frå spinneriet har vore vist i folkekunstutstillinga ei stund. Museet vil byggje ut forteljinga om industribygda Lårdal i åra som kjem, og i fyrste omgang vil ein få sjå fleire plansjar med historiske bilete og opplysingar, og tekstilprøver frå spinneriet.

 

Årets vesle kunstperle:

REIDAR FRITZVOLD 100 ÅR

Ei av dei store samlingane ved VTM er Fellandsamlinga. Den inneheld mykje kunst, blant anna ei rekkje måleri av Reidar Fritzvold (1920-1998) som hadde vore 100 år i år. Han debuterte under krigen og utmerka seg med fine miljøskildringar, i brytinga mellom romantisk og realistisk stil. Fritzvold var del av kunstnarmiljøet i Holmsbu (som også Henrik Sørensen høyrde til) og måla mykje motiv frå arbeids- og byliv, men også mange landskap, då i flotte fargestemningar. I Fellandrommet rett ved museets foajé kan du sjå eit utval av hans verk.

 

Og som alltid:

NY KNIVUTSTILLING

Kvart år presenterer VTM ei eiga knivutstilling med både innlånte objekt og kniv frå eiga samling. Tema for årets utstilling er ikkje stadfest enno, men uansett blir det spanande for dei knivinteressera!

Alle datoar

Fredag 1. mai – tysdag 15. september:
Alle dagar:

Kontaktinformasjon


Tlf: 35069090
E-post: post@vtm.no

Kart over Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, Høydalsmo