Vær den du er
© Granvin kulturhus

Vær den du er

Granvin kulturhus

«Vær den du er» er ei framsyning som garantera vil røre hjartet ditt. Du vil koma til å le, men også koma til å få klump i halsen. Målet er at du skal reise heim rikare enn då du kom!

Vi er alle så mykje meir enn det du ser. Vi frå Aktivitetssenteret bruker kunsten til å formidle det som ikkje så lett kan visast med ord. Framsyninga er difor spekka med dans og beskrivande teatralske kunstuttrykk for å kunne skape dialog med publikum og mellom aktørane på scena.

Menneska du møter er modige som vågar å vise kven dei er, og deira håp er at fleire vil tørre å gjera det same. Reisa i å finne sin veg blir formidla på ein rå og ærleg måte. Samtidig er venskap, håp og meistring gode stikkord for innhaldet i oppsetjinga.

Kven er desse folka, spør du kanskje? Aktivitetssenteret er eit nyskapande dagsenter for deltakarar knyta til Heddelitunet, Teneste for funksjonshemma og er lokalisera på Distriktspsykiatrisk Seljord, DPS. I tre år har Aktivitetssenteret jobba med eit overordna mål: «Å løfte HEILE menneske». Med klare verdiar lagt til grunn, er dette eit dagtilbod av høg kvalitet. Vårt fokus er å skape gode dagar der kvar enkelt skal kjenne på tryggleik, likeverd, glede, meistring og friheit til å vera seg sjølv.

Oppsetjinga er laga for å vise kor langt vi er kome i eige liv og kva for eit fellesskap vi har etablera med det nye opplegget!

Velkommen inn i vår verden, slik du ikkje har sett oss før!

Barn: 50,00
Voksen: 200,00

Kontaktinformasjon

Granvin kulturhus
Tlf: 350 65 980
E-post: post@granvinkulturhus.no
Heimeside: http://www.granvinkulturhus.no

Kart over Granvin kulturhus