To av Smedalbrørne

Smedalstemne - konsert og fylkeskappleik

Nutheim gjestgiveri, Flatdal

Smedalstemne - konsert og fylkeskappleik 2019

I år er det 130 år sidan spelemannen Eilev Smedal blei fødd i Flatdal. Seljordkappkeiken vil i år difor sette fokus på den gåverike Smedal-familien. Så vidt me veit spela alle dei seks Smedal-brørne hardingfele, og fem av dei utvandra til Amerika. Tre av dei, Eilev, Harald og Gunleik blei rekna for å vera blant dei beste spelemennene i si tid.

Program:
Fredags kveld:
Opning av Smedalstemnet med konsert. Bokslepp av bok om Smedølane, skrive av Stein Versto.
Folkemusikkpub og dans etterpå.

Laurdag:
Fylkeskappleik. Ein av premiane er blant anna eit lønnetre frå hagen til Eilev Smedal i La Crosse.
Premieutdeling og dans på kvelden.

Sondag:
Sogevandring til plassane Skararud og Haugstogo.
Kyrkjekonsert i Flatdal kyrkje.


Merk at tidspunktet for stemnet er 18.-20. oktober og at staden er Terje Grøstads atelier og Nutheim Gjestgiveri. For dei som treng overnatting kan dei kontakte Nutheim på 35052143 eller 41126560.

Meir detaljert program kjem etterkvart.

Alle datoar

Fredag 18. oktober – fredag 18. oktober:
Fredag: 18.00 – 20.00

Laurdag 19. oktober – laurdag 19. oktober:
Laurdag: 13.00 – 18.00

Søndag 20. oktober – søndag 20. oktober:
Søndag: 13.00 – 18.00

Kart over Nutheim gjestgiveri, Flatdal

Kontaktinformasjon

Tlf: 90546354
E-post: sfjagesund@hotmail.com

Tlf: 95908440
E-post: trrue@online.no