Om Jane Austens Sanditon og Lady Susan - Vest-Telemark.no
© Fingal forlag

Om Jane Austens Sanditon og Lady Susan

Seljord bibliotek

Sanditon og Lady Susan er to Jane Austen-romanar som ikkje har vore omsette tidlegare. Dei er nå tilgjengelege for norske lesarar, samstundes som Sanditon er klar for norske TV-sjåarar. Peter Fjågesund har omsett dei to romanane og skrive eit informativt etterord i boka. Borghild Telnes har illustrert tekstane med tidstypiske silhuettar måla med gouache-farge på kartong.Denne kvelden vil Peter snakke om Austen og forfattarskapen, medan Borghild vil fortelje om korleis ho har jobba med illustrasjonane.

Lesarar og film- og TV-sjåarar verda over har vorte kjende med universet til Jane Austen gjennom seks storslåtte romanar, mellom dei Fornuft og følelser og Stolthet og fordom. Men då ho døydde i 1817 let ho etter seg to uavslutta romanar: Sanditon og Lady Susan. Desse to romanane gjev eit spanande tilskot til eit unikt forfattarskap. Sanditon, som Austen arbeidde på då ho døydde i 1817, er byrjinga på ei forteljing om gryande turisme i ein badeby på kysten av sør-England. Her møter vi spekulasjon og menneskeleg dårskap ironisk skildra i kjend Austen-stil. Lady Susan er skriven fleire år tidlegare og er ein brevroman. Her møter vi Lady Susan, ei kvinne som utan omsyn frir rommet sitt i ei elles mannsdominer verd.

Gratis inngang.

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Seljord bibliotek
Tlf: 35065156
E-post: britt.haugland@seljord.kommune.no

Kart over Seljord bibliotek