Neversveip
© Krokvokst
Bjørkenevers mange muligheder
© krokvokst

Neversveip kursus

Seljord Folkehøgskule

Neversveiping
Har du lyst til å lære å lage vakre og solide boksar og fat i never? Kva med ein matboks i never, ein boks til turkaffien, nøtter, musli, eller eit brødfat med tægerkant?

På dette kurset over to dagar lærer du ein gamal handverksteknikk med lokale naturmaterial med mange moglegheiter.

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, der ein sveiper never rundt ein mal, og låser nevera ved hjelp av ein spesiell låseteknikk. I tillegg set ein inn eit ekstra lag med never på innsida av boksen /fatet slik at det ferdige resultatet blir solid og haldbart.

På kurset rekk du å lage fleire ulike boksar eller fat, alt avhengig av kva type du vel, og kor erfaren/ raskt du arbeider. Det finst mange ulike malar og formar tilgjengeleg du kan velje mellom, eller du kan lage din eigen mal til å ta med heim.

Fyrste dagen brukar me til å sveipe nevera rundt malar, og dag 2 brukar me til å lage botn og lokk, eller tægerkant på fata. Eg vil vise korleis ein kan bruke handverktøy for å lage lokk og botn, eller bandsag og bandslipar for dei som ynskjer det.

Nevera er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på restauranten? Never inneheld betulin verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast.

Velkommen på kurs!

Underviser: Mari Fallet Mosand, Krokvokst.
Pris: 1500kr for medlemmer og 1700kr for ikke medlemmer+ materialer fra 70kr pr.stk.
Sted: Verkstedet Seljord folkehøgskule, Jacob Naadlands Veg 33, 3840 Seljord.
Dato: lørdag 7. december 9-16 og søndag 8. december 10-16
Husk nistepakke.
Tilmelding på mail: lbmbirds@gmail.com senest 27.november
Din tilmelding er gældende når kursusafgiften er betalt.

Organiserast av Seljord Husflidslag

Alle datoar

Laurdag 7. desember – søndag 8. desember:
Laurdag: 09.00 – 16.00

Laurdag 7. desember – søndag 8. desember:
Søndag: 10.00 – 16.00

Kart over Seljord Folkehøgskule

Kontaktinformasjon

Tlf: 40205197
E-post: lbmbirds@gmail.com