Dyrsku'n - Vest-Telemark.no Matkvartalet 2012
Foto Guro Mæland
© Dyrsku'n Arrangement AS
Dyrsku'n - Vest-Telemark.no Kalvemønstringa på Dyrsku`n folkeliv på dyrsku`n i Seljord oversiktsbilde over Dyrskuplassen Husflidsutstillinga 2012
Foto Guro Mæland
© Dyrsku'n Arrangement AS
Motorsagtevling 2012
Foto Guro Mæland
© Dyrsku'n Arrangement AS
Dyrsku'n - Vest-Telemark.no Dyrsku'n - Vest-Telemark.no Dyrsku'n - Vest-Telemark.no

Dyrsku'n

Nordbygdivegen 60, Seljord

I over 150 år har handels- og landbruksmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku'n samla opp mot 90 000 menneske frå heile Sør-Noreg. Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane. 

Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, samstundes som statsagronom Johan Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.

I dag er det ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dyra finn du sjølvsagt fortsatt her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku'n, som alltid startar 2. fredag i september!  

Se hele programmet

Alle datoar

Fredag 11. september – søndag 13. september:
Fredag, laurdag, søndag:

Kart over Nordbygdivegen 60, Seljord

Kontaktinformasjon

Tlf: 35065770
E-post: post@dyrskun.no

Tlf: 35065770
E-post: post@dyrskun.no

Heimeside: http://www.dyrskun.no