På grunn av koronaviruset og smittefare vil mange arrangement bli avlyst framover. Dette vil ikkje nødvendigvis gå tydeleg fram i kalenderen på www.vest-telemark.no. Sjekk med arrangør dersom du lurar på om eit arrangement er avlyst eller ikkje.

Foto Borghild Telnes
© Seljord bibliotek

Avlyst! Påsketradisjonar i Noreg - foredrag ved Ørnulf Hodne

Seljord bibliotek

Folkeminnegranskar Ørnulf Hodne tek turen til Seljord for å fortelje om tradisjonar knytt til påskefeiringa i gamle dagar.
Både Magnus B. Landstad og Hans Jakop Wille har skrive ned ein del om korleis påskehøgtida vart feira i Vest-Telemark. Ørnulf Hodne har god kunnskap om dette gjennom mange års arbeid med norske folketradisjonar.
?????Hodne vil også dra samanlikningar til påskefeiring andre stader enn Vest-Telemark.

Ørnuld Hodne er nestoren innea folkeminnegransking i Noreg. Han har gjeve ut mange bøker, m.a. med tema som mystiske stader, sagn og eventyr.
Dette arrangementet er eit ledd i 150-års-jubileet for Landstads arbeid med salmeboka der påska som kristen høgtid høyrde med.

Arrangørar er Biblioteket, sogelaget, soknerådet, Seljord Kunstforeinig og Nasjonalt Landstadsenter.

Prisar

Gratis inngang

Kontaktinformasjon

Seljord bibliotek
Tlf: 35065156
E-post: britt.haugland@seljord.kommune.no

Kart over Seljord bibliotek