På grunn av koronaviruset og smittefare vil mange arrangement bli avlyst framover. Dette vil ikkje nødvendigvis gå tydeleg fram i kalenderen på www.vest-telemark.no. Sjekk med arrangør dersom du lurar på om eit arrangement er avlyst eller ikkje.

Temporærutstilling Norsk Skieventyr 2020 - Vest-Telemark.no Temporærutstilling Norsk Skieventyr 2020 - Vest-Telemark.no Temporærutstilling Norsk Skieventyr 2020 - Vest-Telemark.no

Temporærutstilling Norsk Skieventyr 2020

Vårstaulvegen 2, Morgedal

QUEEN OF SKIS

Sidan 2009 får kvinner delta i VM i skihopp. Men kvinnelege skihopparar fantes alt 80 år tidlegare! Johanne Kolstad (1913-1997) frå Dokka i Nordre Land (Oppland) er den mest kjende av dei.

I 1931 hoppa Johanne 46,5 m i Midtstubakken i Oslo – lengre enn nokon annan kvinne før henne. Skiforbundet blei spurt om ein ikkje kunne sleppe til kvinner i Holmenkollen, men major Finn Qvale ga avslag: «Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken!».

Johanne måtte til «sirkus» i USA for å bli anerkjent. Ho reiste til Chicago tidleg på 1930-talet, der 20.000 tilskodarar såg ho hoppe! I fem år turnerte ho med store ski- og is-show i Nord-Amerika, og i 1938 sette ho ein verdsrekord (72 m) som heldt seg heilt til 1973! «Queen of skis» blei ho kalla over there.

Utstillinga fortel historia om hoppdronninga som ikkje fekk lov å konkurrere. Men populær var Johanne Kolstad – ho fekk opne hopprenn over heile Noreg, ofte saman med makker Hilde «Nusse» Braskerud.

Utstillinga er laga av barnebarna til Johanne, brørne Knut og Ole Aastad Bråten. Ole vil vere til stades under opninga for å fortelje om bestemora.

Visste du forresten at også Vest-Telemark hadde sin kvinnelege hopp-pionér på same tid? Det var Astrid Lauvnes frå Akkerhaugen (den gongen Kviteseid). I 1930 opna ho eit hopprenn i Rugtvedtkollen, berre 14 år gamal, med eit hopp på 30 m. Overskrift i Varden: «En tapper skidame.»

 

Alle bilete: privat (Ole og Knut Aastad Bråten)

Alle datoar

Fredag 1. mai – tysdag 15. september:
Alle dagar:

Kontaktinformasjon


Tlf: 35069090

Kart over Vårstaulvegen 2, Morgedal