KOSASKULEN 200 ÅR - Vest-Telemark.no

KOSASKULEN 200 ÅR

Fjågesundvegen 12, Kviteseid

Som kjent startar norsk skulehistorie på 1700-talet, då det blei lovfesta at alle born skulle bli konfirmert – og at dei skulle kunne lese i katekismen. På landet, der avstandane var store, blei det slik at prestehjelparane reiste til dei større gardane om vinteren for å lære borna i området lesing (litt skriving og rekning blei det også). Slik oppstod eit nytt verv – omgangsskulelæraren. «Der kjem skulen!» kunne folk seie når læraren kom til gards.

 

I byrjinga var omgangsskulelærarane oftast flinke konfirmantar som fekk litt ekstra undervising av presten. Etter kvart blei det behov for ei skikkeleg utdanning for desse. Det kom initiativ rundt om i landet, men den første lærarskulen med offentleg (vil seie kongeleg) godkjenning var «Seminariet i Hvidesøe», også kalla «Kosaskulen» etter garden Kaasen/Kosi i Brunkeberg (Kviteseid) der skulen blei etablert i 1819. Då starta 14 seminaristar på lærarutdanninga, saman med eit ukjend tal lokale skuleborn som dei kunne prøve seg på.

 

Kosaskulen og lærarseminaret eksisterte i heile 70 år, lengre enn noko anna seminar av denne typen. Skulen flytte nærare dagens Kviteseid sentrum i 1845, og dei første 26 åra var nok prega av svært enkle tilhøve. Utstillinga i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun prøver å gje eit inntrykk av korleis det kan ha vore i skulestoga på Kosi. I tillegg fortel me om presten Windfeld som starta prosjektet, om den første styraren Thore Thoresen, om Olea Crøger som var den første kvinnelege læraren ved skulen, og om korleis det gjekk med skulen heilt fram til 1889, då den blei nedlagt.

Alle datoar

Tysdag 25. juni – torsdag 15. august:
Tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag, søndag: 11.00 – 17.00

Kart over Fjågesundvegen 12, Kviteseid

Kontaktinformasjon