På grunn av koronaviruset og smittefare vil mange arrangement bli avlyst framover. Dette vil ikkje nødvendigvis gå tydeleg fram i kalenderen på www.vest-telemark.no. Sjekk med arrangør dersom du lurar på om eit arrangement er avlyst eller ikkje.

Flott utsikt frå Harås
© Gunhild Momrak

Topptur på Harås 676 moh

Hauggrend

3 timar / 8 km
Vi parkerar før dammen i Skreevatn. Fylgjer veg eit par km før vi går opp på dette flotte fjellet. Etter ein rast med fin utsikt går turen vidare framover og etter kvart bratt ned att til veg. Fylgjer denne tilbake til Skreosen. Fin rundtur.
Terreng: Middels krevjande tur.
Naturlos:Gunnar Grunnvik.Tlf.916 32 615.

Fast møteplass er på Bankplassen ( Sparebanken Sør) i sentrum. Tak med passande klede, mat, og god turlyst. Alle som er med går turen på eige ansvar. Atterhald om endringar i oppsette turar. Turar merka med * har bok på toppen.
Toppturgruppa «På Tøpp i Førsdal» v/Gunhild Tlf. 957 91 511 eller e-post gmomrak@gmail.com

Kontaktinformasjon

Fyresdal Turlag
Tlf: 95854208
E-post: rmberge@online.no

Kart over Hauggrend