Tommy Sørbø
© Tommy Sørbø

Tommy Sørbø «Kunsthistorien på 60 minutter»

Gimle skule

Velkomen til eit tankevekkande og showprega foredrag om kunst og kunstnarar av ein av våre fremste kulturformidlarar.

I «Kunsthistorien på seksti minutter» kan du faktisk risikere å le og lære på same tid.

Tommy Sørbø viser oss blant anna korleis det greske tempelet går igjen i alt frå grillen på Rolls Royce til dagens trafikkskilt for attraksjonar, og på kva slags måte dette heng saman med ein godarta svulst solkongen Ludvig XIV fekk i rumpa. Han røper hemmelegheita bak Jesu likklede i Torino, og presenterer ein ny og spanande teori om kven Leonardo da Vincis Mona Lisa eigentleg var. Vi får høyre om samanhengen mellom religiøs kunst i barokken og dagens mykporno, og om korleis Edvard Munch blei inspirert til å skape stor kunst etter å ha skutt av seg fingeren i ein krangel med kjærasten sin.

Når det gjeld vår eigen samtidskunst, stiller han spørsmålet: Når alt kan bli til kunst, er ikkje kunsten da død?

Tommy Sørbø er kunsthistorikar, forfattar, foredragsholdar, satirikar og samfunnsdebattant. Han har formidla kunst på radio og fjernsyn, og har skrive både fagbøkar, skodespel, noveller og ein roman, og han har vore tekstforfattar for mange profilerte norske humoristar. I 2003 ga VGs kritikar hans bok «Norges Kunsthistorie – en kladd» terningkast seks, og kåra den til «årets morsomste bok».

Arr: Fyresdal kulturkontor og Fyresdal Sogelag

Prisar

Pris: 150,00

Kontaktinformasjon

Fyresdal kommune
Tlf: 35067100
E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no

Kart over Gimle skule