Hatt og stokk og briller - Vest-Telemark.no

Hatt og stokk og briller

Meieribakken 1, Fyresdal

Fyresdal bygdekvinnelag har laga ei delikat og morosam utstilling i huset Årtun (Skomedal, tidl. Wenches terapi) rett ved Øyskogen og Fyresdal bygdemuseum. Dei har samla inn hattar, stokkar og briller frå ulike periodar og moteretningar. Her kan alle kjenne att noko dei hugsar frå bestemor og bestefar! Einskilde gjenstandar har også spesielle forteljingar knytt til seg. Utstillinga er open kvar laurdag i butikkane sin opningstid. Bygdekvinnelaget stillar med ein guide som gjerne slår av ein prat. Velkomen!

 

Periode 1/6 – 16/8 2019

Kvar laurdag 10-16

Gratis inngang

Kart over Meieribakken 1, Fyresdal

Kontaktinformasjon