På grunn av koronaviruset og smittefare vil mange arrangement bli avlyst framover. Dette vil ikkje nødvendigvis gå tydeleg fram i kalenderen på www.vest-telemark.no. Sjekk med arrangør dersom du lurar på om eit arrangement er avlyst eller ikkje.

Rast på Kleivfjell
© Gunhild Momrak

Gåtur på Kleivfjell 450 moh

Kilegrend

3 timar / 6 km
Vi parkerar langs FV355 ved Sundsli og går fin bratt stig opp på dette flotte fjellet. Resten av turen er lite stigning og flott utsikt. Etter ein rast der vi ser rett ned til Kleivtjønn går vi ned ei slepe og til slutt flott stig ned til busetnaden.
Terreng: Bratt stig opp
Naturlos: Helge Kiland Tlf. 916 32 615.

Fast møteplass er på Bankplassen ( Sparebanken Sør) i sentrum. Tak med passande klede, mat, og god turlyst. Alle som er med går turen på eige ansvar. Atterhald om endringar i oppsette turar. Turar merka med * har bok på toppen.
Toppturgruppa «På Tøpp i Førsdal» v/Gunhild Tlf. 957 91 511 eller e-post gmomrak@gmail.com

Kontaktinformasjon

Fyresdal Turlag
Tlf: 95854208
E-post: rmberge@online.no

Kart over Kilegrend