Lysare tider
© Colourbox

Almås Foredrag - "Tilbake til livet"

Gimle skule

Simen Almås er ein av Noregs fremste og mest ettertrakta føredragshaldarar retta mot barn og ungdom. I 2018 haldt han rundt 220 føredrag over heile landet.

I 2019 vil han fortsette å reise rundt med sin foredragsturné kor han fortel historia si om vegen «Tilbake til livet», etter både å ha vore med i ei eksplosjonsulykke som 13-åring og overlevd Utøya i 2011.

Føredraget er eit inspirasjonsføredrag om korleis møte og takle utfordringar i livet med fokus på psykisk helse. Hovudføremålet med føredraget til Simen er igjennom å dele si historie, sitt perspektiv på livet og dei verktøya han har tatt i bruk for å snu livet sitt frå negativt til positivt – å løfte opp dei som slit psykisk eller dei som treng eit fokusskifte. Føredraget set livet i perspektiv.

Hovudtema i føredraget er:
- Korleis møte ungdommar som slit psykisk og går igjennom tøffe periodar/hendingar
- Korleis ruste ungdom til å takle utfordringar
- Kva redskap kan vi bruke for å oppnå større openheit mellom voksen og ungdom

Alle er hjarteleg velkomne til kantina denne kvelden - både unge og vaksne!

Almås skal ha eit eige opplegg for ungdomsskuleelevane på dagtid - hovudtema i det føredraget er:
- Korleis handtere livsutfordringar
- Kropp og sjølvbilete
- Livsglede og motivasjon

For meir informasjon om Simen Almås, sjå www.almasforedrag.no.

Organiserast av Fyresdal kommune

Kart over Gimle skule

Kontaktinformasjon

Tlf: 35067100
E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no