Årsmøte i Fyresdal Turlag

Momrak Verkstad

Vi ynskjer alle medlemmer i DNT til årsmøte i Fyresdal Turlag.

Saker:
• Val av møteleiar
• Godkjenning av innkallinga
• Val av sekretær og to frå årsmøtet til å skrive under på protokollen
• Godkjenning av årsmelding
• Godkjenning av kontooversikt
• Val av leiar (1 år)
• Val av styremedlemmer (2 år)
• Val av leiar og 2 medlemmer til valkomiteen (1 år)
• Handsame saker til årsmøtet

Saker som skal handsamast på årsmøtet må sendast skriftleg til styret seinast 14 dagar før møtet.
Turlaget blei stifta i april 2015 og blei ein del av DNT i juni same år.
På val er: Leiar, og to styremedlemmer. Det er eit forslag frå styret at alle i styret tek attval.
Dersom nokon av medlemmene har forslag til eventuelt ny leiar og styremedlemmer, må dei ta kontakt med leiar av valkomiteen, Rita Metveit.
Styret er:
Sven Lie (leiar), Ragnhild Berge (sekretær), Gunhild Momrak (turleiar),
Grethe Lassemo og Sigmund Nærum.
Vel møtt!
Styret i Fyresdal Turlag

Kontaktinformasjon

Fyresdal Turlag
Tlf: 95854208
E-post: rmberge@online.no

Kart over Momrak Verkstad