Viser og jazz frå Vest-Telemark.no

Viser og jazz

Trevet ved biblioteket i Åmot

3890 Vinje

Førstkomande onsdag møtast vi att på Trevet i Åmot. Vi er på plass ei veke tidlegare enn det som har vore vanleg, og denne gongen skal nokre av medlemane i Vinje viseklubb framføre ein del gamle jazzlåtar som dei har øvd inn i ledige stunder. Det blir for det meste ein trio med piano, trompet/munnspel og gitar, men i tillegg skal Nina Rostin Svendsen vere songsolist på nokre av låtane. Det går i gamle evergreens, og vi trur mykje av dette er kjent stoff for dei fleste.

I tillegg blir det sjølvsagt allsong og fritt fram om det er nokon som vil bidra med viser eller kva det måtte vere. Vi håpar at så mange som råd møter opp for å få med seg denne litt uvanlege visekvelden. Det brukar å bli triveleg, og det trur vi det blir denne gongen også. Vel møtt på Trevet!

Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.