Viser og dikt frå Vest-Telemark.no

Viser og dikt

Katharinas kafé

3864 Rauland

Tysdag 15. mai blir siste kvelden i vår med Viser og dikt på Sondov. Då tek vi turen over grensa til Gustav Frödings verd. Hans fyrste diktsamling slo an tonen, ”Gitarr og dragharmonika”. Der møter vi dei lystige tonar frå trekkspelet med Dans borti vägen på lördagsnatten, og gitarens meir vemodige klangar I skogarnas djup bor skuggan, och tystnaden slumrar där. Denne poeten med det splitta sinn, var Nordens yndlingspoet i si tid. Han har mykje å gjeva oss enno.

Arnulf Øverland, den modige røysta som ropa ut og varsla om at Europa stod i brann, var temaet sist. Tone Liv Kjelingtveit las diktet Du må ikke sove, på ein enkel, inderleg og overtydande måte. Ho gav oss eit bilete av også ein samansett diktar. Men kven er ikkje det, ingen er enkel og eintydig. Øverland, ein mann som talar om kristendomen som den tiande landeplage, og er representert i salmeboka er eit døme på det.
Både Hilda Tjønn og Birgit Landsverk las eigne dikt inspirert av våren. Og våre musikantar, Eystein og Bjønn spela og song fleire av sine gode viser. Anna trakterte el-pianoet og Tom Nilsen kom med sine underfundigheter. Og så song alle i tru på våren.

Det var møtt fram 28 personar, og no ynskjes fleire velkomne til ein hyggeleg kveld.

Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.