Viser og dikt frå Vest-Telemark.no

Viser og dikt

Rauland omsorgssenter

Vinjevegen 192, Vinje

3890 Vinje

Som åra før skal vi få synge jola inn på Omsorgssenteret i Rauland fyrstkomande tysdag. Og så vonar vi folk tek med seg dikt og forteljingar til glede for alle.

Sist vi møttes, hadde Birgit Landsverk og Kittil Lindhjem laga eit samansett program. Det var Birgits eigne dikt og songar om natur og barndomsskildringar, med akkompagnement av Kittil på trekkspel. Ein skulle kanskje ikkje tru at trekkspel og lyrikk går saman, men det gjorde det. Kittil har eit vart, fint spel som kledde dikta. Og så spela dei saman, han på trekkspel og Birgit på tussefløyte. Tonane smøygde seg fint saman, alt frå gamle- og nystev til valsar. Dei to gav dei ca 40 frammøtte ei fin oppleving.
Denne kvelden var mange frampå. Bjønn Fauske Lysdal song nokre av sine eigne songar og han og Anna spela til allsongen.

Neste år samlas vi kanskje på vår gamle stad att med nye drivarar. Men fyrst er alle velkomne til jolesong.

Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.