Viser i Sentrum 2017- Konsert med Jon Solberg og Anders Røine frå Vest-Telemark.no

Viser i Sentrum 2017- Konsert med Jon Solberg og Anders Røine

Raulandsakademiet as

Akademiet 2, Rauland

3864 Rauland

Ikkje alle låtane eg skriv finn seg til rette i banda eg spelar i; Ni Liv og Ugras. Dei blir liggande i skuffen og rope etter hjelp. Ettersom åra går, hoppar dei ut av seg sjølv, ein etter ein, og vil ut i verda. Dei vil fortelje historia si. Slik blei Svarteper til, mi fyrste soloplate. Eg elskar å dundre rundt på scena med Ni Liv og få glade publikumerar til å synge og hoppe, men eg elskar au å sitta ned på ein stol med gitaren i fanget og synge sololåtane mine. Det er slik eg er laga.

På konserten 24. november har Jon med seg Anders Røine på langeleik!

Etter konserten vert det visequiz, drikkeviser og moglegheit for å synge med andre.
Konserten er ein del av visfestivalen "Viser i Sentrum", som no arrangeres for sjette året på rad.
I år skjer alt under Raulandsakademiet sitt tak.

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.