Cajun-legender og old-time i Årestoga frå Vest-Telemark.no

Cajun-legender og old-time i Årestoga

Folkemusikkscena på Rauland

3864 Rauland

Vår-programmet fortsetter med ei supergruppe frå USA!

Onsdag 7. mars kjem det langvegsfarande til Årestoga ved Raulandsakademiet, amerikanske Cajun Country Revival. Det er ikkje kven som helst som legg vegen om Rauland denne kvelden:

Cajun Country Revival kan omtalast som ei ekte supergruppe med amerikanske folkemusikarar frå ulike generasjonar og landsdelar. Jesse Lége og Joel Savoy saman med Foghorn Stringband presenterer musikk som er eit uttrykk for alt som er godt i livet. Dei ynskjer å feire Cajun og tidleg Country musikk saman med publikum - ikkje bare utøve han.

Joel Savoy, grunnleggjaren av det Lousisiana-baserte plateselskap Valcour Records og son til Cajun musikklegendene Marc og Ann, er ein Grammy- vinner for arbeid med The Band Courtbouillon. I tillegg har han vore nominert ni gonger til Grammy-prisen og to gonger blitt årets spelmann hjå Cajun franskmusikk forening (CFMA). Han representerer kulturen sin med autorietet og i levande tradisjon. Han har spela med folk som John Fogerty, Linda Ronstadt, Steve Earle og T-Bone Burnett.

Dei siste femten åra har Joel Savoy spela saman med den legendariske Cajun kjempespelemannen - Jesse Lége. Lége voks opp i ein fransktalande heim - utan innlagd straum - i Gueydan, Louisiana. Han lærde musikk frå skyldingar, grannar og den kjære batteridrivne radioen som fanst i huset. I dag er han ein av dei mest akta Cajun-utøvarane i verda, både som vokalist og trekkspelar. Røysta er sermerkt, ein kan bruke uttrykket «høg, gråtande vokal». Etter 35 år som profesjonell musikar og dansespelemann har han også fått ei rad ulike prisar - årets spelemann, årets band, årets songar og årets låt. I 1998 ble han ein del av «Cajun Music Hall of Fame».

Portland Oregon's Foghorn Stringband, (Caleb Klauder (WA), Stephen "Sammy" Lind (MN), Reeb, Willms (WA) og Nadine Landry (Québec)) er òg med på turneen. Dei har fått æra for å blåse liv i old-timemusikken i den nordvestlege delen av USA. Foghorn Stringband skil seg ut som den skinande gullstandarden for amerikansk strengemusikk! Med sitt 8. album, «Devil in the Seat»,tusenvis av show og over eit tiår med turnéar bak seg, er det ikkje overraskande at dette bandet (Freak) «har blømt som ei naturkraft fram mot verdsherredøme» (sitat Stuart Mason, The Fiddle Freak). Gjennom alt dette har dei aldri late musikken døy; i staden har Foghorn heile tida synt at American Roots-musikk er ei utømelig kjelde.
Gå ikkje glipp av dette, her vert det fest, melder tilskiparen, Folkemusikkscena på Rauland.


Billettar kr. 200,- / 100,- studentar

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.