Sommerskitur på Haukelifjell frå Vest-Telemark.no

Sommerskitur på Haukelifjell

Haukeliseter fjellstue

Haukelivegen 2917

3895 Vågsli

- Fyrste junihelg med kontrastrike opplevingar

Frå blømande og sommarlege låglands-Telemark til snørike Haukelifjell, med godt sommarskiføre, solvarme berg og blømande lyngrabbar. Og lengre inne fasinerande snøkatedralar, islagte vatn og lasurblå og grøne vasspyttar oppå vindpakka snø.

Dette og meire til kan du få med deg på årets sommarskiturar på Haukelifjell.

Dei tradisjonsrike sommarskiturane i år er laurdag 2. og sundag 3. juni. Frammøte båe dagane er ved Haukeliseter Fjellstue kl. 09.00 om morgonen. Eventuelt kan ein møte opp på same stad fredag kveld for å få litt informasjon om turplanane. Deltakarane må sjølve tinge opphald med mat og overnatting, t.d. på Haukeliseter, om det er behov for det. Dessutan er det førehandspåmelding til DNT Telemark.

Turane vil gå på dei klassiske stadene i området Nupsfonn – Nupseggi – Sandfloeggi, som er Hardangerviddas høgstliggjande område, og i området Kistenuten - Vassdalseggi eller Stavsnuten – Verjesteinsnuten. Nytt av året er at det på laurdag vil bli lagt opp til to turalternativ. Ein lang tur, t.d. til Sandfloeggi, og ein enklare og kortare tur ut frå deltakaranes forutsetningar, t.d. til Vesle Nup eller til Nupseggi-Nupsfonn. Begge turane med erfarne turleiarar. Elles vil ein måtte ta omsyn til vær- og føreforhold ved gjennomføring av turane. Me har rutinemessig iflg. avtale sendt melding til Fylkesmennene i Hordaland og Telemark om turane fordi dei for ein del går i Hardangervidda nasjonalpark. Desse områda er relativt konfliktfrie i forhold til villreinen på denne tida, m.a. fordi simlene er på kalvingsplassane andre stader på vidda. Sjølvsagt kan små bukkeflokkar halde seg i området, men eg har råka på reinsbukkar bare ein gong i alle dei åra eg har hatt turar her. Insektplagene har ikkje byrja så tidleg, og det er helst seinare på gloheite sommardagar at reinsdyra trekker inn i desse snørike traktene. Skulle me likevel råke til å sjå rein, tek me sjølvsagt store omsyn til det.

Om ein ikkje har fått meldt seg på, er det likevel bare å møte opp på Haukeliseter til fastsatt tid ein av dagane eller begge, dersom ein har «ligge på været» i det lengste i påvente av godt vær.

Med austleg værtype, er sjansane store for at været er bra såpass langt vest i fjella. Det har erfaringar frå tidlegare år til fulle vist oss.

kr. 300,- pr. dag/tur for ikke medlemmer og kr. 200,- for medlemmer.

Frammøte båe dagane er ved Haukeliseter Fjellstue kl. 09.00 om morgonen

Vel møtt på sommarskiturar!

Påmelding på epost til telemark@dnt.no eller på tlf 35 53 25 55
Frist for påmelding: torsdag 2. juni.

Tlf til turleiar tlf 481 01 435

Helsing
Atle Bakken og Jon Ingebretsen - turleiarar

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.