Sigmund Groven - Til Telemark og andre stader frå Vest-Telemark.no

Sigmund Groven - Til Telemark og andre stader

Neset Gard

Totakvegen 763

3864 Rauland

TIL TELEMARK -og andre stader
Ei musikalsk reise med
SIGMUND GROVEN
og venner
ANNE VADA (vokal)
IVAR ANTON WAAGAARD (piano)
KJETIL BJERKESTRAND (synth)

Gjennom fleire tiår har Sigmund Groven markert seg som ein av våre mest folkekjære musikarar. Han kan og vise til ein internasjonal karriere, med konsertar i Carnegie Hall i New York, Mozarteum i Salzburg og konserthus i Hong Kong, Japan og Sør-Korea. I 2015 blei han utnemnt til riddar av fyrste klasse av den kongelege norske St.Olavs orden.
«Grovens mesterverk», «Klart som en fjellbekk i øvre Telemark» -
Slik skreiv kritikarane om musikkverket «Til Telemark» da det blei framført og utgitt på CD for nokre år sidan. Her har Groven tonesett tekster av Tarjei Vesaas og Olav Kaste, og laga sine eigne versjonar av tradisjonsmusikk frå Telemark.
Programmet inneheld og musikk av bl.a.Grieg, Eivind Groven og Henning Sommerro, og andre favorittar.
Sigmund Groven har med seg eit stjernelag av nære musikalske venner:
Anne Vada, ein av våre finaste og mest allsidige vokalistar med ei rekkje soloplater og konsertar land og strand rundt,
pianisten Ivar Anton Waagaard, vår mest etterspurte akkompagnatør og dessutan ein strålande solist, og sist men ikkje minst
Kjetil Bjerkestrand, travelt opptatt arrangør, komponist og musikar med oppdrag i inn- og utland der samarbeidspartnarane spenner frå Arve Tellefsen til a-ha.
Denne kvartetten inviterer til ei spennande og variert musikalsk reise.
Konserten avholdes på utendørscenen på Neset, som er en gard med 16 hus fra 1700-tallet. Scenen ligger vakkert til på bredden av Totak med spektakulær utsikt til blant annet Vehuskjeringi. I juni er ofte fjellene fremdeles hvitkledde, og skaper usedvanlig vakre kontraster.
Billett prisen er kr. 400 for voksne - halv pris for studenter.
Billettene legges ut på Ticketmaster i løpet av uka.

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.