Quartet on The Corner ( AVLYST PGA. SJUKDOM) frå Vest-Telemark.no

Quartet on The Corner ( AVLYST PGA. SJUKDOM)

Grunge kyrkje

3895 Edland

KONSERTEN ER DIVERRE AVLYST PGA. SJUKDOM.


I år vil strykekvartetten Quartet on The Corner framføra Haydn sitt kanskje inderlegaste verk, Jesu sju ord på kroset. Utgangspunkt for musikken er sju fraser Jesus ytra før han døydde på korset, og verket vart skrive etter at Haydn på 1780-tallet fekk ei verkbestilling frå den store katedralen i Cádiz i Spania. Verket er inndelt i sju satsar, ein til kvar av frasene, i tillegg til ein introduksjons- og ein avslutningssats, der avslutninga er sjølve jordskjelvet. Quartet on The Corner er ein profesjonell strykekvartett med Wiggo Dahl og Daniel Dalnoki på fiolin, Jon Sønstebø på bratsj og Vojtech Novak på Cello. Dei har tidlegare mellom anna spelt på Oslo kammermusikk festival og Nordischer klang i Greifswald i Tyskland og urframført fleire verk av m.a. Henrik Ødegaard og Egil Kapstad. Prost Asgeir Sele vil også vere med i kyrkjene og framføre tekstane til verket og eigne korte meditasjonar. Det er fri inngang, men det vert teke opp kollekt til dekking av utgiftene.

Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.