Konsert med Jon Solberg - Plateslepptur 2018 frå Vest-Telemark.no

Konsert med Jon Solberg - Plateslepptur 2018

Neset Gard

Totakvegen 763

3864 Rauland

Jon Solberg, frontfigur og låtskrivar i Ni Liv, er snart ute med sitt andre soloalbum Så lenge toget fløyter (Grammofon 9/3-2018). Han skal ut på sin første soloturnè. Turen går i Telemark, og Neset Gard på Rauland er ein sjølvsagt stoppestad.
Hvis været tillater det starter vi med "afterski" kl. 18.00 hvor vi serverer gløgg og andre gode saker. Konserten starter kl. 19.00.

Jon skriv genuint og ekte om livet på godt og vondt, om kjærleiken og om det midt imellom. «Kva ellers skal ein skrive om», seier han. Han har ei eiga evne til å sjå det store i det små - til å skrive fram ei verd som vi kjenner oss att i, men som vi likevel ikkje har hørt om før.

Det handlar om viser, folk og country med gitarar, fele, langeleik og gjerne piano i sentrale roller. Som komponist skaper Jon musikalske stemningar som sit att i sjela lenge etter at gitaren er pakka vekk.

«Mer enn noen gang har en av landets fremste låtskrivere levert varer som gjør hodet litt klokere og hjertet varmere», som Olav Solvang i Vårt Land formulerte det etter lanseringen av Jons første soloalbum - Svarteper (2015).

«Låtskriving er min bensin for å halde på med musikk, og for å lære meg å spele på ulike instrument som gitar, banjo, fele, trommer, piano og munnspel. Kvart nye instrument lagar på ein måte sine eigne låtar. Eg har alltid laga låtar. Det var slik det starta, og det er slik det har heldt fram. I ein song kan ein synge ting det ikkje er så enkelt å få sagt på andre måtar.

Musikken gjev orda oppdrift og kjenslene vinger. Eg likar å kall meg «låtsmed» fordi det gjev eit hint om at musikken min har røter.

Så lenge toget fløyter inneheld låtar der eg ser bakover og framover i tid, og ikkje minst set eg ord på- og tonar til det eg ser nå - som 41-åring. Det har også snike seg med et par låtar til ungane mine denne gongen, t.d. tittellåta på albumet.

I Bø, der eg bur og vaks opp, har me hatt tog i nesten 100 år. Når nattoget fløyter, og ein ikkje får sove heime i senga, kan ein drøyme seg vekk til ukjente stader. Og der ute, langt, langt borte, lengtar ein fort heim att.

Det er bra å nå ut, men det beste er å nå inn.»

Jon Solberg

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.