Dansekonsert/plateslepp: Ånon Egeland frå Vest-Telemark.no

Dansekonsert/plateslepp: Ånon Egeland

Raulandsakademiet as

Akademiet 2, Rauland

3864 Rauland

I samband med Vinterfestivalen lanserer ein av Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk sine tilsette, Ånon Egeland, eit nytt album, Egeland spiller Fjeldstad. Det er ei hyllest til ein av dei viktigaste læremeistrane hans, Sigurd Fjeldstad (1903–1984) frå Tvedestrand. Valsar og visetoner, reinlendarar og rilar blir framførte slik Sigurd ville gjort det sjølv: aleine med fela eller til minimalistisk harpeleiksakkompagnement. Platesleppet blir markert med ein liten konsert denne kvelden. Utviklinga i plateindustrien tilseier at albumet ikkje blir utgitt fysisk, men publisert på alle større digitale plattformer. Produsent og utgivar er Taragot Sounds. Fyldig omtale av musikken vil bli å finne på taragot.com.

Både på albumet og konserten har Ånon med seg Lucy Moffatt på harpeleik. Me håper dette er musikk som får det til å rykke i dansefoten til publikum: dette er nemleg ein konsert det skal dansast til!

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.