Vårsong kveld i Skafsåheii Fjellkyrkje frå Vest-Telemark.no

Vårsong kveld i Skafsåheii Fjellkyrkje

Skafsåheii Fjellkyrkje

3880 Dalen

Fjellkyrkjelaget inviterer til ein kveld med mykje allsong der vårsongar er fyrstevalet, kl. 19.00 i Skafsåheii fjellkyrkje. Vi har fått med oss ei kjent og kjær gruppe frå Vinje. Dei kallar seg "Vangsgutane". Ikkje alle har høve til å kome, men desse kjem: Harald Aasland, gitar, Bård Bestum, bassgitar og Vegard Omdal, piano/orgel, trekkspel og munnspel, solist Anne A. Ringhus. Desse musikarane vil også framføre eigne songar. Vi ser fram til ein kveld der alle som kjem er med og bidrar til at "visst skal våren komme". Det blir enkel servering!

Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.