Ungdomskonsert v/Martin Wikstøl med band frå Vest-Telemark.no

Ungdomskonsert v/Martin Wikstøl med band

Skafsåheii Fjellkyrkje

3880 Dalen

Laurdag 3. mars kl. 1900 vil det bli arrangert ein ungdomskonsert i Skafsåheii Fjellkyrkje. Musikar og ungdomsarbeidar Martin Wikstøl har med seg eige band. Martin, som er frå Vennesla, har jobba med mange kjente artistar, og er sjølv ein svært god songar og pianist. Lars Ivar Bratsberg som er ansvarleg for ungdomsarbeid innan Bispedømet, kjem for å bidra med litt underhaldning. Ungdomsprest i Tokke og Vinje, Ruth Miriam Kolstad Varhaug, vil halde ein andakt. Det er Ungdomsklubben 10-16 i Skafså som arrangerer konserten. Johanne Seltveit vil leie arrangementet. Gratis inngang, men sal av kaffi, brus, bollar og kaker.

Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.