Teigen - Hylland - Brauti frå Vest-Telemark.no

Teigen - Hylland - Brauti

Vest-Telemark Museum

Museumsvegen 9

3891 Høydalsmo

UTSTILLING I EIDSBORG OPNAR 29.april kl 13:00 - 30.sep. kl 17:00
I år er det 200 år sidan rosemålaren og treskjeraren Halvor Asbjørnsson Teigen (1818-1910) vart fødd. Han var ein nærast myteomspunnen handverkar. Særskild i si treskjering sette han ein standard som andre strekker seg etter endå i dag. Men også hans barn og barnebarn har hatt stor betyding for stilutviklinga innan treskjering. Sonen Asbjørn Hylland (1853-1931) si historie har til no nærast vore ukjend, men han hadde ei betydeleg rolle i utviklinga av handverket. Dottersonen Øyvind Brauti (1891-1980) representerer ein tredje epoke. Utstillinga viser eit breitt utval arbeid frå denne særmerkte handverkarfamilien, ei historie som ikkje har vore formidla før.

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.