Teater Fabel "Spaden må gå jamnt "Rui-jentene som møtte kongen. frå Vest-Telemark.no

Teater Fabel "Spaden må gå jamnt "Rui-jentene som møtte kongen.

Tokke Kulturhus

Storvegen 211

3880 Dalen

Historien om dei to søstrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den lille plassen Rui på Dalen i Telemark, som fekk vitje kongen, var kjent og kjær i si samtid, og framleis vekkjer den gjenklang hjå mange. Ingerine og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui. Sjølv om dei hadde midler til å gjera arbeidet lettare, levde dei etter far deiras sin filosofi om nøysemd. Kva er det vi moderne menneske ikkje klarar å sjå, men som dei så klart og tydleg såg, der dei streva og arbeida oppe på sitt vakre, men akk så beskjedne Rui?
Og korleis vert to søsken forma av kvarandre etter å ha levd eit liv i tosomhet, og i gjensidig avhengighet?
I framsyninga får me møte Ingerine og Gurine, og ta del i deira liv. Me møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum i salen, og får være med på den store reisa frå Dalen til Oslo.
Teater Fabel sitt ynskje er å gje publikum eit nært, varmt og ekte møte med Ingerine og Gurine, eit møte fylt med humor, undring og ettertanke.

Billettar til sal på biblioteket kr. 200,-
Tlf 35 07 56 66

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.