Skriveverkstad - kurs i kreativ skriving frå Vest-Telemark.no

Skriveverkstad - kurs i kreativ skriving

Tokke Bibliotek

Storvegen 211

3880 Dalen

Dikt, songtekstar, noveller, forteljingar, minne…

Skriv du sjølv?
Vil du gjerne skrive?

Biblioteka i Tokke og Fyresdal lanserer no eit spanande tilbod til alle som er interesserte i kreativ skriving – ein skriveverkstad.
Du får bli med på ei litterær oppdagingsferd som går via Vinje til verda, og vil få grunnleggjande opplæring i forteljarteknikk og litterære verkemidlar.

Du får moglegheit til å utvikle eigne tekstar undervegs.
Finn din eigen stil og stemme!

Skriveverkstaden er open for alle innbyggjarar i Tokke og Fyresdal.
Kurset går over 12 veker, 2 timar kvar gong, kveldstid, onsdag i Fyresdal og tysdag i Tokke. Kurshaldar er Juan Gutierrez-Maupome.

Studietur til Midtbø (heimen til Tarjei og Halldis Moren Vesaas) og deltaking på festivalen Bøker i Bø fyrst i mai er også ein del av tilbodet.

Tiltaket er støtta av Nasjonalbiblioteket og heilt gratis for deltakarane.

Kurset krev ingen forkunnskapar.
Nedre aldersgrense: 16 år.
Min. 6 og maks 12 deltakarar på kvar kursstad.

Påmeldingsfrist: 20.02.18

Meir informasjon og påmelding:
Benedikte Nes, Tokke bibliotek
(tlf 934 39 712, benedikte.nes@tokke.kommune.no)

Liv Blørstad Kiland, Fyresdal bibliotek
(tlf 35067121, biblioteket@fyresdal.kommune.no)


Hjarteleg velkomen som deltakar!

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.