Sjå Rui-jentene som teater! frå Vest-Telemark.no

Sjå Rui-jentene som teater!

Vest-Telemark Museum

Museumsvegen 9

3891 Høydalsmo

«SPADEN MÅ GÅ JAMT» - Rui-jentene som møtte kongen
Førpremiere på Vest-Telemark Museum Eidsborg
Teater Fabel viser historia om systrene Ingerine og Gurine Schevenius frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark. Ingerine og Gurine levde eit svært enkelt liv. Sjølv om dei hadde midlar til å gjera arbeidet lettare, levde dei i nøysemd, akkurat som faren.
Kva er det vi moderne menneske ikkje klarer å sjå, men som dei såg klårt og tydeleg, der dei streva og arbeidde heile dagen? Og korleis vert to sysken forma av kvarandre etter å ha levd eit langt liv i tosemd, og i gjensidig avhengnad?
I førestillinga får ein møta Ingerine og Gurine, og ta del i liva deira. Vi møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum i salen, og får vere med på den store reisa frå Dalen til Oslo, for å vitje kongen.
Manus etter ein idé av Inger Merethe Johnsen
Regi: Sylvia Salvesen
Ingerine Schevenius - Hæge Manheim
Gurine Schevenius - Inger Merethe Johnsen

Inngang kr 200,-
Bindande førehandspåmelding grunna begrensa tal billettar til:
post@vtm.no eller på tlf. 35 06 90 90
Frist for avbestilling er 1.mai. Billettar som ikkje vert løyst ut på teaterdagen vert fakturert i ettertid.

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.