Bli ven med data - kurskveldar på biblioteket frå Vest-Telemark.no

Bli ven med data - kurskveldar på biblioteket

Tokke Bibliotek

Storvegen 211

3880 Dalen

Betale rekningar?
Lese nyheiter frå fjern og nær?
Halde kontakten med slekt og vener?

Dette er nokre få av dei tenestene og moglegheitene som finst på nett. Det er enkelt og effektivt å bruke internett, særleg når ein bor på bygda og det kan vere langt til mange kontor og tilbod.

Tokke bibliotek starta opp med tilbod om datakurs i fjor, og no vil me tilby dette på nytt. Du treng ikkje kunne noko frå før for å gå på datakurs. Me set av tid til å lære i eit roleg tempo, og til å øve fleire gonger på grunnleggande ting. Du kan lære alt frå å slå på maskinen til å finne og bruke offentlege tenester og underhaldning.

Du kan ta med eigen PC (evt MAC) eller nettbrett, eller du kan låne her. Det er fint viss du melder deg på, så veit me kor mange som kjem og kan sjå til at me er mange nok instruktørar til at alle får den hjelp dei treng.

Måndag 5. mars kl. 17-19 Oppstart.
Lær å bruke PC/nettbrett. Lær å bruke internett.
Måndag 19. mars kl. 17-19
Lær å bruke internett. Lær å bruke e-post. Litt om facebook.
Måndag 9. april kl. 17-19
Meir om facebook. Lær å logge deg på med bank-ID.
Måndag 16. april kl. 17-19
Bli kjent med offentlege tenester på nett, som norge.no, Altinn og NAV. Meir om nettbank og bank-ID.

Henta frå Facebook. Gå til arrangementssida.