Oppdateringar frå lykkelandet frå Vest-Telemark.no

Oppdateringar frå lykkelandet

Seljord bibliotek

3840 Seljord

Marta Norheim kjem rett frå NRK og Marienlyst til Seljord for å snakke om kva som skjer i den nye litteraturen. Den nyaste boka hennar, Oppdateringar frå lykkelandet, held fram der Røff guide til samtidslitteraturen slutta for ti år sidan. Marta Norheim har granska kva som har skjedd med samtidslitteraturen sidan den gong. Og ho fann at bøkene har andre tematikkar nå. I dag blir det skrive om miljø og klima som aldri før, barndommen står svakare, men dei gamle er solid representerte, og den mannlege outsideren har fått selskap av den kvinnelege outsideren, noko som neppe er til trøyst for verken menn eller kvinner.
Arrangement i samarbeid med Seljord mållag.

Henta frå Amedia. Gå til arrangementssida.