Informasjon om kalenderen

Arrangementa som kjem opp i Vest-Telemarkkalenderen hentas frå Facebook og Bagera.

Facebook er valt fordi svært mange allereie bruker det, og legg arrangementa sine der. I tillegg er datakvaliteten generelt god på Facebook, uønska innhald blir fjerna, og ein får normalt svært nøyaktig plassering av arrangement. Du kan enkelt legge til arrangement i kalenderen ved å lime inn nettadressa (URL-en) til arrangemente på Facebook. Det er også mogleg å lime inn adressa til Facebook-sider, og då blir alle arrangement som denne sida publiserer med i kalenderen. Dette gjeld også arrangement som seinare publiserast.

Bagera tilhøyrer Amedia, og brukast mellom anna av journalistar i avisene deira. Alle arrangement som registrerast på TA sine sider, hamnar i Bagera.

Les korleis du legg til arrangement her

Alle åpne og offentlege arrangement i Vest-Telemark vil i utgangspunktet bli lagt ut i kalenderen. Lukka eller private arrangement kjem ikkje ut.

Arrangementet må ha rett plassering i ei av Vest-Telemarkkommunane. Dersom du lurar på om du har angitt plassering rett kan du gå inn på arrangementet, klikke på "Vis kart" ved sida av der plasseringa av arrangementet står, og sjekke at det står ei pil på rett plass i kartet.

Rett angitt plassering på Facebook

Dersom det ikkje er noko kart, inga pil eller om pila står feil, så må du rette dette ved å oppgi ei nøyaktig adresse, eller ei Facebookside som alt har rett adresse. Dersom plassen ikkje har adresse må du legge til nærmaste stad og heller forklare i arrangementsteksten kvar ein skal møte.

I tilfeller der det ligg arrangement med eksakt same tittel, stad og tidspunkt i både Facebook og Bagera, visast berre Facebook-arrangementet.