Informasjon om næringslivskalenderen

Arrangementa i næringslivskalenderen hentas frå Facebook, og det leggast inn i kalenderen ved å referere til arrangementet på Facebook.

Les korleis du legg til arrangement her

Alle åpne og offentlege arrangement i Vest-Telemark kan leggast til i kalenderen. Lukka eller private arrangement kjem ikkje ut. Arrangement i lukka grupper kjem heller ikkje ut.

Arrangementet må ha rett plassering i ei av Vest-Telemarkkommunane. Dersom du lurar på om du har angitt plassering rett kan du gå inn på arrangementet, klikke på "Vis kart" ved sida av der plasseringa av arrangementet står, og sjekke at det står ei pil på rett plass i kartet.

Rett angitt plassering på Facebook

Dersom det ikkje er noko kart, inga pil eller om pila står feil, så må du rette dette ved å oppgi ei nøyaktig adresse, eller ei Facebookside som alt har rett adresse. Dersom plassen ikkje har adresse må du legge til nærmaste stad og heller forklare i arrangementsteksten kvar ein skal møte.