Vikingane kjem til Kauphamar! på Vest-Telemark.no

Vikingane kjem til Kauphamar!

Fjågesundvegen 12, Kviteseid

Denne vikingdagen blir Kviteseid bygdetun ein yrande marknadsplass med aktivitetar for folk i alle aldrar. På tunet blir det salsbodar og handverk. Her kan du sjå vikingar i sverdkamp,

høyre lyrelåt, risse runar, skyte med pil og boge og ta del i vikingleik og moro med «Lekegoden og Trollet». Du kan også lære smiing denne dagen(sjå eiga lysing med påmelding).

På tunet vil det dufte av både bålrøyk og grilling. Her kan du få kjøpe heilgrilla svin og kjøtsuppe - og sjølvsagt kaffi og vaflar.

Fire vikingskip med fullt mannskap vil legge til ved Kauphamar for å handle brynestein. Ordførarane i Tokke og Kviteseid er kaupmenn.  

13.00                   Oppstart med aktivitetar på tunet

13.30                   «Eit uærbødig kåseri om Kauphamar, Gamlekyrkja
                              og Kviteseid (Eid) gard»

15.00                   Vikingane kjem med vinden. (tidspunkt kan endre
                            seg grunna vær og vind)

                            Samling på Kauphamar for å ta i mot vikingane.

Aktivitetane held fram utover ettermiddagen.

Fri inngang

Still gjerne i tidsrette klede.

 

Sein ettermiddag  fer Vikingane vidare til Kviteseidbyen der det vert bryggjefest og moro for alle.

For meir info om Vikingveka sjå: vikingveka.no

Kart over Fjågesundvegen 12, Kviteseid